8 Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om.
9 Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år.
10 Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.
11 Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal».
12 I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa.
13 Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.
14 Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter.