9 Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.
10 Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han.
11 Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det.
12 Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel.
13 Såleis skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til, sa Herren.
14 Eg svara: «Å, Herre Gud, eg har aldri vore urein. Frå min ungdom og heilt til no har eg aldri ete kjøt av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt har eg ikkje hatt i min munn.»
15 Då sa han til meg: «Godt, i staden for menneskemøk lèt eg deg bruka kumøk til å steikja brødet ditt på.»