1 I det tjuefemte året etter at vi vart bortførte – det var det fjortande året etter at byen vart teken – ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, då kom Herrens hand over meg og førte meg bort
2 i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by.
3 Dit førte han meg.Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa.
4 Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.