2 i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by.
3 Dit førte han meg.Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa.
4 Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.
5 Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.
6 Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp troppestega i porten og mælte dørstokken der; han var ei mælestong brei. Det var den fyrste dørstokken.
7 Kvart siderom var ei mælestong langt og ei mælestong breitt, og mellom roma var det fem alner. Dørstokken til forhalla inst i porten var ei mælestong.
8 Han mælte sjølve forhalla i porten;