14 Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei.
15 Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner.Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden
16 var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo
17 og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med
18 utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.
19 Eit menneskeandlet var vendt mot palma på den eine sida og eit løveandlet mot palma på den andre sida. Slike bilete var det rundt ikring i heile templet.
20 Frå golvet til eit stykke ovanfor døra var det bilete av kjerubar og palmer på tempelveggene.