21 Tempelhalla hadde firkanta dørstolpar. Framfor den heilage staden kunne ein sjå noko som likna
22 eit altar av tre. Det var tre alner høgt og to alner langt. Det hadde to hjørne; fotstykket og veggene var av tre. Mannen sa til meg: «Dette er det bordet som står for Herrens åsyn.»
23 Tempelhalla hadde ei dobbeltdør,
24 og Det høgheilage hadde òg ei dobbeltdør. Dørene hadde to dørvenger, som kunne svingast; kvar dør hadde to dørvenger.
25 På tempeldørene var det bilete av kjerubar og palmer, like eins som på veggene. På utsida av forhalla var det eit skjermtak av tre.
26 På sideveggene i forhalla var det gittervindaugo med palmer på begge sider. Så var det i sideroma utanfor templet og skjermtaket òg.