1 Så førte mannen meg attende til den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd.
2 Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og skal ikkje opnast. Ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten; difor skal han vera stengd.
3 Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens åsyn. Han skal gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.
4 Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor templet. Og der fekk eg sjå at Herrens herlegdom fylte huset. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.
5 Herren sa til meg: Menneske, no må du bruka augo og øyro og leggja merke til alt det eg seier deg om alle føreskriftene og lovene for Herrens hus. Legg nøye merke til inngangen i templet og alle utgangane frå heilagdomen!
6 Sei til dei trassige israelittane: Så seier Herren Gud: No får det vera nok med styggedomen dykkar, israelittar!
7 De lét framande som var uomskorne både på hjarta og lemer, koma inn i min heilagdom. Såleis vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta med meg og gjorde mange andre stygge ting.