15 Men dei levittprestane av Sadok-ætta som tente meg trufast i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og gjera teneste. Dei skal stå for mitt åsyn og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.
16 Dei skal gå inn i min heilagdom; der skal dei stiga fram til mitt bord og tena meg. Såleis skal dei ta seg av gudstenesta.
17 Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i templet.
18 Linhuer skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje ha på seg noko som gjer at dei sveittar.
19 Når dei så går ut til folket i den ytre føregarden, skal dei ta av seg dei kleda dei bruka medan dei gjorde teneste, og la dei liggja i dei heilage roma. Dei skal ta på seg andre klede, så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.
20 Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det.
21 Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden.