20 Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det.
21 Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden.
22 Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei kvinne som mannen har skilt seg frå, men berre med møyar av Israels-ætta. Men dei kan ta enkja etter ein prest.
23 Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint.
24 I rettssaker skal dei stå fram som domarar og døma folket etter mine lover. På alle mine høgtider skal dei halda mine lover og bod, og dei skal halda mine kviledagar heilage.
25 Prestane må ikkje gå inn til lik, elles vert dei ureine. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.
26 Når presten har vorte rein att, skal han venta i sju dagar.