23 Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint.
24 I rettssaker skal dei stå fram som domarar og døma folket etter mine lover. På alle mine høgtider skal dei halda mine lover og bod, og dei skal halda mine kviledagar heilage.
25 Prestane må ikkje gå inn til lik, elles vert dei ureine. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.
26 Når presten har vorte rein att, skal han venta i sju dagar.
27 Og den dagen han går inn i heilagdomen att, i den indre føregarden, og skal gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, lyder ordet frå Herren Gud.
28 Dette er den arven prestane skal ha: Eg er deira lut og del. De skal ikkje gje dei nokon eigedom i Israel. Eg er deira eigedom.
29 Dei kan eta av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra dei til.