3 Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens åsyn. Han skal gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.
4 Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor templet. Og der fekk eg sjå at Herrens herlegdom fylte huset. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.
5 Herren sa til meg: Menneske, no må du bruka augo og øyro og leggja merke til alt det eg seier deg om alle føreskriftene og lovene for Herrens hus. Legg nøye merke til inngangen i templet og alle utgangane frå heilagdomen!
6 Sei til dei trassige israelittane: Så seier Herren Gud: No får det vera nok med styggedomen dykkar, israelittar!
7 De lét framande som var uomskorne både på hjarta og lemer, koma inn i min heilagdom. Såleis vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta med meg og gjorde mange andre stygge ting.
8 De sytte ikkje sjølve for tenesta i heilagdomen min, men sette andre til å ta seg av den heilage tenesta i staden for dykk.
9 Så seier Herren Gud: Ingen framand som er uomskoren på hjarta og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.