1 Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de via eit stykke av jorda, tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt, som ei heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det når på alle kantar.
2 Av det skal eit firkanta stykke som er fem hundre alner på kvar side, høyra heilagdomen til. Rundt ikring han skal det vera open mark som strekkjer seg femti alner ut.
3 Av heile området skal du mæla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, og der skal heilagdomen stå. Det skal vera ein høgheilag del av landet.
4 Det skal tilhøyra prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Der skal dei ha plass for husa sine og beitemark som høyrer heilagdomen til.
5 Eit anna jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal tilhøyra levittane, som er tempeltenarar. Der kan dei ha byar til å bu i.