12 Ein sekel skal vera tjue gera. Fem sekel skal vera fem sekel, og ti sekel skal vera ti; og femti sekel skal de rekna for ei mine.
13 Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.
14 Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor.
15 Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud.
16 Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve.
17 Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta.
18 Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd.