17 Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta.
18 Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd.
19 Presten skal ta noko av blodet frå syndofferet og stryka det på dørstolpane i templet, på dei fire horna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20 Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Såleis skal du gjera soning for templet.
21 Den fjortande dagen i den fyrste månaden skal de halda påskehelg. Då skal de eta usyrt brød i sju dagar.
22 Den dagen skal fyrsten ofra ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.
23 Dei sju dagane høgtida varer, skal han bera fram brennoffer for Herren, kvar dag sju lytelause oksar og verar, og som syndoffer ein bukk kvar dag.