10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet.
11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt.
12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»
13 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter.
14 De skal ta det i eige, og den eine skal få like mykje som den andre. Eg lyfte då handa og lova å gje det til fedrane dykkar. Og landet får de til odel og eige.
15 Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad,
16 så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran.