13 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter.
14 De skal ta det i eige, og den eine skal få like mykje som den andre. Eg lyfte då handa og lova å gje det til fedrane dykkar. Og landet får de til odel og eige.
15 Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad,
16 så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran.
17 Såleis skal grensa gå frå havet til Hasar-Enon ved grensa mot Damaskus og Hamat i nord. Dette er nordsida.
18 På austsida er Jordan grensa mellom Havran og Damaskus og mellom Gilead og Israels-landet heilt til sjøen i aust, ned til Tamar. Dette er austsida.
19 På sørsida skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er sørsida.