5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.
6 Han sa til meg: «Har du sett det, menneske?» Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der.
7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva.
8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt.
9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut.
10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet.
11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt.