10 Då skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å føra denne ulukka over dei.
11 Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest.
12 Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei.
13 Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine.
14 Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.