9 Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at det er eg, Herren, som slår.
10 Sjå, dagen er komen! No er turen komen til deg. Riset blømer, skamløysa gror.
11 Valdsferd reiser seg og vert til eit ris for dei gudlause. Det vert ingen ting att av dei, ingen ting av den ståkande hopen og ingen ting av rikdomen deira. Det er ingen herlegdom hjå dei.
12 Tida er komen, dagen er nær! Den som kjøper, skal ikkje vera glad, og den som sel, skal ikkje syrgja. For harmen går ut over heile den ståkande hopen i byen.
13 Seljaren får ikkje venda attende til det han har selt, endå om han bergar livet. For spådomen om heile flokken skal ikkje takast att. På grunn av si synd kan ingen tryggja sitt liv.
14 Dei blæs i horn og gjer alt klart; men ingen dreg ut i strid. For harmen min går ut over heile flokken.
15 Ute herjar sverdet, inne rår sjukdom og svolt. Den som er ute på marka, skal døy for sverd, og den som er i byen, han skal sjukdom og svolt tyna.