1 Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.
2 Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken
3 og sa: Eg kalla på Herren i mi naud,og han svara meg.Eg ropa frå djupaste dødsriket,og du høyrde mi røyst.
4 Du kasta meg i djupet ¬midt på havet,og straumen kringsette meg.Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg.
5 Då tenkte eg:Eg er støytt bort frå deg.Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel?
6 Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen,havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar.Tang sveipte seg ¬om mitt hovud.