3 Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsleier lang.
4 Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: «Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!»
5 Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små.
6 Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet.
7 Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn.
8 Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer.
9 Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.»