2 Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no ferdig til å fara over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje israelittane.
3 Kvar stad de set foten på, gjev eg dykk, så som eg lova Moses.
4 Landet frå øydemarka og Libanon til Storelva, Eufrat, heile hetittlandet til Storhavet i vest, skal høyra dykk til.
5 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
6 Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
7 Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.
8 Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.