Josva 19 N78NN

Simeon

1 Det andre loddet fall på Simeons-ætta, på Simeons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-landet.

2 Desse byane vart deira: Be’er-Sjeba, Sjeba, Molada,

3 Hasar-Sjual, Bala, Esem,

4 Eltolad, Betul, Horma,

5 Siklag, Bet-Hammarkabot, Hasar-Susa,

6 Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,

7 og Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,

8 og alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’alat-Be’er, Rama i Negev. Dette var det landet Simeons-sønene og ættgreinene deira fekk.

9 Landet deira høyrde Juda til. Den delen som fall på Juda-sønene, var for stor for dei. Difor fekk Simeons-sønene landet sitt midt i deira.

Sebulon

10 Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11 Grensa deira gjekk vestover opp til Marala, heldt fram langs Dabbesjet og nådde den elva som renn austanfor Jokneam.

12 Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, bort imot Kislot-Tabor-bygda, gjekk så til Daberat og opp til Jafia.

13 Derifrå tok ho austover til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga så bort til Hannea.

14 Så bøygde ho nordover til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.

15 Sebulon fekk byane Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.

16 Dette var det landet Sebulons-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

Jissakar

17 Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakars-sønene og ættgreinene deira.

18 I landet deira låg desse byane: Jisre’el, Hakkesulot, Sjunem,

19 Hafarajim, Sjion, Anaharat,

20 Harabbit, Kisjon, Ebes,

21 Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes.

22 Grensa gjekk frammed Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda i Jordan. I alt var det seksten byar med landsbyar.

23 Dette var det landet Jissakars-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

Asjer

24 Det femte loddet fall på Asjers-sønene og ættgreinene deira.

25 I landet deira låg desse byane: Helkat, Hali, Beten, Aksjaf,

26 Alammelek, Amad og Misjal. Grensa nådde i vest til Karmel og Sjikor-Libnat.

27 Der svinga ho austover til Bet-Dagon, nådde til Sebulon, heldt fram nordover til Jiftah-El-dalen, så til Bet-Ha’emek og Ne’iel og til Kabul i nord.

28 Så heldt ho fram til Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt bort til Stor-Sidon.

29 Der svinga ho mot Rama og heldt fram til Tyrus-borga. Så gjekk ho i ein boge om Hosa og nådde ut til havet. Her låg byane Mehalleb, Aksib,

30 Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.

31 Dette var det landet Asjers-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

Naftali

32 Det sjette loddet fall på Naftali, Naftali-sønene og ættgreinene deira.

33 Det landet dei fekk, nådde frå Helef, frå Sa’anannim-eika, om Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.

34 Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer, og i aust var Jordan grensa.

35 I Naftali låg desse festningsbyane: Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,

36 Adama, Rama, Hasor,

37 Kedesj, Edre’i, En-Hasor,

38 Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

39 Dette var det landet Naftali-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

Dan

40 Det sjuande loddet fall på Dans-sønene og ættgreinene deira.

41 I landet deira låg desse byane: Sora, Esjta’ol, Ir-Sjemesj,

42 Sja’alabbin, Ajjalon, Jitla,

43 Elon, Timna, Ekron,

44 Elteke, Gibbeton, Ba’alat,

45 Jehud, Bene-Berak, Gat-Rimmon,

46 Me-Hajjarkon, Harakkon og landet bort imot Jaffa.

47 Men det vart for trongt for Dans-sønene i landet deira. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei drap folket i Lesjem med sverd, la byen under seg og busette seg der. I staden for Lesjem kalla dei han Dan etter ættefar sin.

48 Dette var det landet Dans-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

Josva får land

49 Då israelittane vel hadde skift ut landet, stykke for stykke, lét dei Josva Nunsson få ei odelseige mellom seg.

50 Dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad om, Timnat-Serah på Efraims-fjellet. Han bygde byen opp att og busette seg der.

51 Dette var dei lutene av landet som presten Elasar, Josva Nunsson og ættehovdingane i Israel delte ut ved loddkasting. Det vart gjort i Sjilo, for Herrens åsyn, framfor møteteltdøra. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24