Josva 12 N78NN

Dei kongane som israelittane vann over

1 Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,

2 det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.

3 Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene.

4 Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i

5 og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6 Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige.

7 No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:

8 i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

9 Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,

10 kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11 kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein,

12 kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13 kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14 kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15 kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16 kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17 kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18 kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein,

19 kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20 kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein,

21 kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22 kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein,

23 kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein,

24 kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24