6 Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
7 Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.
8 Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.
9 Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.
10 Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:
11 «Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»
12 Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva: