8 Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.
9 Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.
10 Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:
11 «Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»
12 Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva:
13 «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.
14 Konene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk austanfor Jordan. Men alle våpenføre menn mellom dykk lyt fara fullt budde føre landsmennene sine og hjelpa dei i striden.