19 Men sjølve må de ikkje stansa. Set etter fiendane og hogg ned dei som er attarst i flokken. Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har gjeve dei i dykkar hender.»
20 Josva og israelittane knuste fiendane og gjorde reint ende på dei. Berre nokre få slapp unna og berga seg inn i festningsbyane.
21 Då slaget var over, kom heile hæren uskadd attende til Josva i leiren ved Makkeda. Og det fanst ingen som torde kny mot israelittane.
22 Då sa Josva: «Ta bort steinane som ligg framfor inngangen til hola, og før dei fem kongane ut til meg!»
23 Så vart gjort; dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.
24 Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-mennene og sa til hærførarane som hadde fylgt han i striden: «Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane!» Då gjekk dei fram og sette foten på nakken deira.
25 Og Josva sa til dei: «Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Ver djerve og sterke! For såleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»