27 Men då sola gladde, lét Josva mennene sine ta dei ned or trea og kasta dei inn i den hola dei hadde gøymt seg i. Framfor inngangen til hola la dei store steinar, og dei ligg der den dag i dag.
28 Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg. Han bannstøytte både kongen og kvart levande liv som der fanst; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29 Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen,
30 og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31 Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han.
32 Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna.
33 Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna.