1 Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongane i Sjimron og Aksjaf
2 og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet.
3 Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet.
4 Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd.
5 Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel.