11 Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.
12 Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.
13 Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende.
14 Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv.
15 Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.
16 Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,
17 frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel.