18 I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.
19 Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt.
20 For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses.
21 På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.
22 Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva.
23 Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del.Og landet fekk ro etter ufreden.