6 Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.»
7 Josva og heile hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og tok på dei.
8 Og Herren gav dei i Israels hender. Israelittane vann over dei og sette etter dei radt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei hogg dei ned, så ingen vart att eller slapp unna.
9 Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira.
10 Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika.
11 Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.
12 Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.