1 Då Josva var gamal og langt oppi åra, sa Herren til han: «No er du gamal og tilårskomen. Men enno er det mykje land å ta.
2 Det som står att, er: alle filistarbygdene og heile gesjurittlandet,
3 frå Sjikor-elva austanfor Egypt til Ekrons grense i nord. Dette vert rekna for kanaaneisk land og tilhøyrer dei fem filistarfyrstane i Gasa, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron. Så er det landet åt avittane
4 i sør og heile kanaanearlandet og Meara, som tilhøyrer fønikarane, til Afek, til grensa mot amorittlandet;
5 vidare gebalittlandet og heile Libanon austover frå Ba’al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
6 Alle som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle fønikarane, vil eg driva ut for israelittane. Kast berre lodd og lat israelittane få dette landet til odel og eige, som eg har sagt deg.