15 Fyrst lét Moses Rubens-sønene få sin del, ætt for ætt.
16 Dei fekk landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba,
17 Hesjbon og alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Ba’al, Bet-Ba’al-Meon,
18 Jahsa, Kedemot, Mefa’at,
19 Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på fjellet i dalen,
20 Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,
21 og alle dei andre byane på høgsletta, heile riket åt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon. Moses slo både han og midjanitthovdingane Evi, Rekem, Sjur, Hur og Reba, fyrstar som stod under Sihon og budde der i landet.