19 Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på fjellet i dalen,
20 Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,
21 og alle dei andre byane på høgsletta, heile riket åt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon. Moses slo både han og midjanitthovdingane Evi, Rekem, Sjur, Hur og Reba, fyrstar som stod under Sihon og budde der i landet.
22 Mellom dei falne var òg Bileam Beorsson, spåmannen som israelittane drap med sverd.
23 Jordan var grensa for landet åt Rubens-sønene. Dette var det landet Rubens-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med dei byar og landsbyar som høyrde til.
24 Så lét Moses Gads-ætta, Gads-sønene, få sin del, ætt for ætt.
25 Det dei fekk, var Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av ammonittlandet heilt til Aroer, som ligg midt for Rabba.