23 Jordan var grensa for landet åt Rubens-sønene. Dette var det landet Rubens-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med dei byar og landsbyar som høyrde til.
24 Så lét Moses Gads-ætta, Gads-sønene, få sin del, ætt for ætt.
25 Det dei fekk, var Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av ammonittlandet heilt til Aroer, som ligg midt for Rabba.
26 Landet deira nådde frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-bygda.
27 Nede i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesjbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og grensa fylgde Jordan heilt opp til sørenden av Gennesaret-sjøen.
28 Dette var det landet Gads-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med byar og landsbyar.
29 Så lét Moses halve Manasse-ætta, halvparten av Manasse-sønene, få sin del, ættgrein for ættgrein.