29 Så lét Moses halve Manasse-ætta, halvparten av Manasse-sønene, få sin del, ættgrein for ættgrein.
30 Dei fekk landet frå Mahanajim og nordover, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane åt Ja’ir i Basan, seksti byar,
31 og halve Gilead og Asjtarot og Edre’i, kongsbyane åt Og i Basan. Alt dette fekk halvparten av Manasse-sønene, etterkomarane etter Makir, son til Manasse, ætt for ætt.
32 Dette var det landet Moses skifte ut medan dei var på Moab-slettene austanfor Jordan, midt for Jeriko.
33 Men Levi-ætta gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, så som han hadde lova dei.