7 Skift det ut til dei ni ættene og den eine halvparten av Manasse-ætta!»
8 Saman med den andre halvparten av Manasse hadde Ruben og Gad fått odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei:
9 landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon,
10 alle byane åt amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane,
11 og så Gilead, landet åt gesjurittane og ma’akatittane, heile Hermon-fjellet og Basan radt til Salka,
12 heile riket åt Og i Basan, han som styrte i Asjtarot og Edre’i. Han var den siste som var att av refaittane, som Moses hadde slege og drive ut or landet.
13 Men israelittane dreiv ikkje ut gesjurittane og ma’akatittane. Dei har butt i Israel til denne dag.