1 Ved loddkastinga fekk Juda-sønene, ætt for ætt, den delen av landet som grensar til Edom, heilt til Sin-øydemarka lengst i sør.
2 Grensa i sør går ut frå enden av Saltsjøen, frå den vika som ligg lengst i sør.
3 Derifrå går ho sør for Akrabbim-skaret over til Sin, og så oppover sør for Kadesj-Barnea, framom Hesron og opp til Addar. Der svingar ho bort til Karka,
4 går så framom Asmon, når til Egyptarbekken og endar utmed havet. Dette skal vera grensa deira i sør.