3 Derifrå går ho sør for Akrabbim-skaret over til Sin, og så oppover sør for Kadesj-Barnea, framom Hesron og opp til Addar. Der svingar ho bort til Karka,
4 går så framom Asmon, når til Egyptarbekken og endar utmed havet. Dette skal vera grensa deira i sør.
5 I aust fylgjer grensa Saltsjøen opp til Jordan-osen.På nordsida går grensa frå den vika av Saltsjøen som Jordan renn ut i.
6 Derifrå går ho til Bet-Hogla og nord for Bet-Ha’araba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben.
7 Så held ho fram gjennom Akor-dalen opp til Debir; der svingar ho nordover til Gilgal, som ligg beint imot Adummim-skaret, sør for dalen, og går så til En-Sjemesj-bekken og fram til Rogel-kjelda.
8 Derifrå går grensa opp gjennom Hinnom-dalen, på sørsida av Jebusitt-åsen, det er Jerusalem, og opp til toppen av det fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa’im-dalen.
9 Frå den fjelltoppen svingar ho bort til Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Ba’ala, det er Kirjat-Jearim.