57 Kajin, Gibea og Timna, ti byar med landsbyar.
58 Så Halhul, Bet-Sur, Gedor,
59 Ma’arat, Bet-Anot og Eltekon, seks byar med landsbyar.
60 Så Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, to byar med landsbyar.
61 I øydemarka var det: Bet-Ha’araba, Middin, Sekaka,
62 Hannibsjan, Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med landsbyar.
63 Men jebusittane, som budde i Jerusalem, vann ikkje Juda-sønene driva ut. Dei vart buande i Jerusalem saman med Juda-sønene, og der bur dei den dag i dag.