8 Derifrå går grensa opp gjennom Hinnom-dalen, på sørsida av Jebusitt-åsen, det er Jerusalem, og opp til toppen av det fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa’im-dalen.
9 Frå den fjelltoppen svingar ho bort til Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Ba’ala, det er Kirjat-Jearim.
10 Frå Ba’ala svingar ho vestover til Se’ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, der Kesalon ligg, ned til Bet-Sjemesj og fram til Timna.
11 Så går ho nordover til Ekron-åsen; der svingar ho bort mot Sjikkeron, går framom Ba’ala-fjellet til Jabne’el og endar utmed havet.
12 I vest er Storhavet grensa. Dette var grensene kring det landet Juda-sønene fekk, ætt for ætt.
13 Kaleb Jefunneson fekk sin del av landet midt imellom Juda-sønene, som Herren hadde sagt til Josva. Det var den byen som hadde namn etter Arba, ættefar til anakittane, og som no heiter Hebron.
14 Kaleb dreiv ut dei tre anakittane som budde der, Sjesjai, Akiman og Talmai, etterkomarane etter Anak.