1 Så kom heile Israels-lyden saman i Sjilo, og der sette dei opp møteteltet. For no hadde dei lagt landet under seg.
2 Men endå var det sju av Israels-ættene som ikkje hadde fått sin del av det.
3 Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de drya før de går av og tek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk?
4 Vel ut tre mann av kvar ætt som eg kan senda i veg. Dei skal fara ikring i landet og skriva opp det dei ser, så vi kan vita korleis det skal delast. Sidan skal dei koma attende til meg.
5 Så skal dei dela landet i sju. Juda-ætta skal verta verande i det landet ho har fått der sør, og Josefs-ættene i sitt land her nord.