12 Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.
13 Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon.
14 Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.
15 På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.
16 Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda.
17 Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben.
18 Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen.