13 Men fyrst sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til Gilead, til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta.
14 Og saman med han sende dei ti hovdingar, ein for kvar ætt i Israel. Kvar av dei var leiar for si ætt mellom Israels mange tusen.
15 Dei kom til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta i Gilead og sa til dei:
16 Så seier heile Herrens lyd: Kva er dette for truløyse de har vist mot Israels Gud, med di de no har vendt dykk bort frå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor har de sett dykk opp mot Herren?
17 Var det ikkje nok med det brotet vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens lyd.
18 Og så vil de atter venda dykk bort frå Herren! Men set de dykk opp mot Herren i dag, kjem han i morgon til å la heile Israels-folket få kjenna sin harme.
19 Synest de at det er ureint, det landet de har fått til eigedom, så kom berre over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og få dykk eigedom mellom oss! Men set dykk ikkje opp mot Herren og mot oss, med di de byggjer dykk eit altar attåt altaret åt Herren vår Gud.