30 Då presten Pinhas og leiarane i folket og ættehovdingane i Israel som var med han, høyrde kva Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene sa, syntest dei godt om det.
31 Og presten Pinhas, son til Elasar, sa til Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene: «No skjønar vi at Herren er midt imellom oss, sidan de ikkje har sett dykk opp mot han med dette. Dermed har de berga israelittane frå Herrens hand.»
32 Så skildest presten Pinhas, son til Elasar, og dei andre leiarane med Rubens-sønene og Gads-sønene. Dei fór heim att frå Gilead til Kanaan og fortalde israelittane kva dei hadde høyrt.
33 Og israelittane syntest godt om svaret. Dei lova Gud og tenkte ikkje meir på å gå til strid mot Rubens-sønene og Gads-sønene og øydeleggja det landet dei budde i.
34 Rubens-sønene og Gads-sønene kalla altaret «Vitne»; dei sa: «Det skal vera eit vitne for oss om at Herren er Gud.»