11 Sidan gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Og Jeriko-buane stridde mot dykk. Det same gjorde amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei i dykkar hand.
12 Eg sende redsle og rådløyse føre dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.
13 Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt strev med, byar som de ikkje hadde bygt, men som de fekk bu i, vintre og oliventre som de ikkje hadde planta, men fekk nyta frukta av.
14 Så ha då age for Herren, og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på hi sida av Storelva og i Egypt, og ten Herren!
15 Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.
16 Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar.
17 For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom.