20 Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.»
21 Folket svara: «Nei! Herren vil vi tena.»
22 Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Ja, vi er vitne.»
23 Josva sa: «Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!»
24 Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.»
25 Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei.
26 Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom.