14 Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre dei.
15 Då desse prestane var komne ned til Jordan og så vidt hadde sett føtene i vatnet – i heile skurdtida er Jordan så stor at ho går over breddene alle stader –
16 då stansa det vatnet som kom ovanfrå, og stod som ein voll langt borte, oppmed Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan. Og det som rann nedover til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, vart heilt borte. Så gjekk folket over elva midt for Jeriko.
17 Men prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelittane gjekk turrskodde over elva. Såleis stod dei til heile folket var kome vel over Jordan.