10 Prestane som bar paktkista, vart ståande midt i Jordan til det var gjort, alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulle tala til folket om, i samsvar med alle dei føresegner som Moses hadde gjeve Josva. Så skunda folket seg over.
11 Og då alle var komne vel fram, gjekk prestane føre folket med Herrens paktkiste.
12 Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta fór fullt budde føre dei andre israelittane, som Moses hadde sagt dei.
13 Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane.
14 Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses.
15 Herren sa til Josva:
16 «Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»